55 nye lastevogner til Forsvaret

Forsvarsmateriell har overlevert 55 nye lastevogner til Forsvaret frå den tyske leverandøren Rheinmetall MAN Military Vehicles (RMMV).

Lastevogner med krokløft. Foto: Forsvarsmateriell
Lastevogner med krokløft. Foto: Forsvarsmateriell

Dei nye lastevognene erstattar ein aldrande lastevognpark i Forsvaret. Dei eldste Scania-lastevognene vart leverte i perioden 1986–1997.

Hæren fekk nyleg med seg 25 lastevogner med krokløft, seks lastevogner med bakløft, seks lastevogner med kran og 18 lastevogner med multipåbygg (tippvogn) etter gjennomført kurs i Sessvollmoen leir i Akershus dei siste vekene.

– Dette er lastevogner som er tilpassa militære formål etter Forsvaret sine behov. Dei har mellom anna betre vern, større lastekapasitet og betre framkome i terreng enn dei gamle Scania-lastevognene Forsvaret har, seier Tomas Beck, sjef for land- og felleskapasitetar i Forsvarsmateriell.

Over 206 lastevogner bestilte

Frå før har Forsvaret fått overlevert over 110 av dei nye lastevognene via kjøpsrammeavtalen med leverandøren RMMV, som går over 12 år. Avtalen for logistikkunderstøtte strekkjer seg over 30 år. Det er bestilt i overkant av 206 lastevogner i ulike variantar til ein samla pris på rundt halvannan milliard kroner i det første avropet på avtalen. Den resterande leveransen av 28 nye tungtrekkvogner og 13 bergingsvogner vil etter planen kome før jul. Anskaffinga er eit samarbeidsprosjekt med svenske Försvarets materielverk (FMV).

Dei militærtaktiske køyretøya blir leverte pansra eller førebudde for pansring og har desse kapasitetane:

  • Terrengmobilitet
  • Evne til å ta seg fram over hinder (oppoverbakkar, grøfter, trinn osv.)
  • Evne til å køyre på krevjande underlag og i vatn
  • Høg fart i terreng
  • Sjølvbergingsvinsj
  • Bevæpning
  • Militær sambandskapasitet
  • Vern mot kinetiske-, mine- og IED-truslar
Militærgrønn lastebil
Lastevogn med bakløft. Foto: Forsvarsmateriell

LASTEVOGN, RMMV HX 44M KROKLØFT

  • Designa for transportoppgåver som lastberar for ISO-containerar og lasteflak, samt trekkvogn for tilhengarar. Kan brukast i innsats i område over heile verda på stabile og ustabile vegar og i terreng.
  • Utstyrt med krokløftsystem i samsvar med Nato-standarden STANAG 2413 med integrert Container Handling Unit (CHU).
  • Lastevogna er utstyrt med toppsikringsløysinga «Ring Mount 2», som kan ha ulike konfigurasjonar og sambandsutstyr som blir tilpassa etter behov.

LASTEVOGN, RMMV HX 44M KRAN

  • Designa for transportoppgåver som lastberar for ulike laster på lasteplanet, samt trekkvogn for tilhengarar.
  • Utstyrt med kran for lasting og lossing, samt løfteinnretning for vedlikehaldsoperasjonar.
  • Lastevogna med kran kan bere 10-fots ISO-standard container og stykkgods.
  • Lastevognene er utstyrte med toppsikringsløysinga «Ring Mount 2», som kan ha ulike konfigurasjonar og sambandsutstyr som blir tilpassa etter behov.

LASTEVOGN, RMMV HX 44M BAKLØFT

  • Designa for transportoppgåver som lastberar for ulike laster på lasteplanet, samt trekkvogn for tilhengarar.
  • Lastevogn med bakløft for lasting og lossing, og kan bere 2 × 10-fots ISO-standard containerar eller ein 20-fots ISO-container.
  • Lastevognene er utstyrte med toppsikringsløysinga «Ring Mount 2», som kan ha ulike konfigurasjonar og sambandsutstyr som blir tilpassa etter behov.

LASTEVOGN, RMMV HX 44M MULTIPÅBYGG, inkl. SEMITRAILER, LASTE-, BRØNNHENGAR

  • Designa for å støtte ingeniørvåpenet med eit breitt spekter av oppgåver som masseforflytting, brøyting og transport av ingeniørmateriell, samt som trekkvogn for tilhengarar.
  • Utstyrt med multipåbygg som omfattar tippkasse eller svingskive, samt brøytefeste.
  • Materiellsystemet omfattar òg brønnhengar for transport av ingeniørmaskinar. Brønnhengaren er ein lågtbygd maskinhengar som er justerbar i lengd, slik at han kan konfigurerast etter last. Han er utstyrt med fire akslingar der alle hjula er svingbare.
  • Lastevogna er utstyrt med toppsikringsløysinga «Ring Mount 2», som kan ha ulike konfigurasjonar og sambandsutstyr som blir tilpassa etter behov.