Materiellets livssyklus

Forsvarsmateriell har ansvar for at fleire tusen militære køyretøy, over hundre fly og helikopter, fartøy, ubemanna system og informasjons- og sensorsystem er trygge i bruk og teknisk tilgjengelege for styrkane våre gjennom heile levetida. Forsvaret sine hovudsystem, som fregattar, jagarfly og stridsvogner, kan ha ei levetid på opptil 30–50 år.

Materiellets livssyklus

Forprosjekt 

Når Forsvarsdepartementet avgjer at ein skal setje i gang ei ny anskaffing, startar planlegginga av dei overordna rammene for forvaltning og ivaretaking av nytt materiell. I denne fasen blir ulike modellar og konsept innan forsyning og vedlikehald kartlagde, og ein vurderer moglegheiter for internasjonalt samarbeid. Det blir òg undersøkt kva leverandørar og industrien rår til og har evne til å levere, samt kva som finst av hyllevare.

Anskaffing

I anskaffingsfasen tek ein stilling til undersøkingane som blei gjorde i forprosjektet. Forsvarsmateriell går ut i marknaden for å kartleggje kva industrien kan levere av forsynings- og vedlikehaldsløysingar, før endeleg løysing blir vald. I denne fasen blir det gitt teknisk og forvaltningsmessig godkjenning, både av systemet som heilskap og av kvart enkelt individ, til dømes eit F-35-kampfly. Desse godkjenningane skildrar i detalj korleis systemet skal forvaltast gjennom heile levetida, kor ofte og på kva måte vedlikehald skal gjennomførast, og kva for verktøy og kompetanse som krevst.

Forvaltning

Bruken og eigenskapane til materiellet, til dømes eit kampfly, er med på å avgjere kor ofte det skal til vedlikehald og ettersyn. Brukaren held oppe materiellsikkerheita ved å gjennomføre planlagt og uventa vedlikehald. Forsvarsmateriell følgjer opp hendingar eller feil som oppstår, og hentar inn erfaringar frå andre land.

Forsvarsmateriell saksbehandlar om lag 5 000 tekniske dokument kvart år, berre for Forsvaret sine helikopter, fly og ubemanna system, for at desse skal vere klare til bruk. I løpet av materiellet si levetid blir det jamleg gjennomført konfigurasjonsendringar når Forsvaret sine behov endrar seg, eller av andre tekniske årsaker. Forsvarsmateriell har som mål å forvalte utstyret på ein kostnadseffektiv måte. Dette kan til dømes gjerast ved å endre vedlikehaldskonsept for å redusere talet på vedlikehaldstimar, auke tilgjengelegheita eller styrkje kapasiteten til materiellet.

Avhending

Forsvaret sine styrkar må til ei kvar tid ha relevant, effektivt og funksjonelt materiell. Når materiellet ikkje lenger dekkjer føremålet det skal tene, blir det avhenda. Eigenskapane til materiellet og utviklinga av nytt materiell påverkar kor lenge utstyret kan brukast. Når materiellet skal avhendast, skal dette gjerast på best mogleg måte. Det finst klare føringar for korleis dette kan gjennomførast – dei vanlegaste metodane er gjenbruk av materiell, komponentar og reservedelar, omdisponering innan staten, destruksjon eller sal.

Fra ide til drift

Anskaffelsesprosessen begynner med idéfasen og avsluttes når materiellet overleveres til forsvarsgrenen som skal benytte det.

Se prosessen fra idé til drift i mer detalj