Som designansvarleg skal vi sørgje for at materiellet, med tilhøyrande konfigurasjon og teknisk dokumentasjon, til ei kvar tid har eit godkjent design som møter krava frå brukaren. Dette gjeld både ved levering og etter kvart som materiellet blir oppdatert og vidareutvikla. Vi skal òg kontrollere at materiellet møter dei tekniske krava som er sette, dokumentere kva som er faktisk yting og avgrensingar utover det sikkerheitsmessige, og sørgje for at forsvarssektoren har tilgang til nødvendige data om materiellet.

Som materiellsikkerheitsmyndigheit skal vi setje rammene for trygg bruk av Forsvaret sitt materiell der dette ikkje er dekt av sivilt regelverk og godkjenningar. Dette inneber å gi ut og oppdatere krav og regelverk, gjennomføre godkjenningar og kontroll, og setje i verk tiltak når vi oppdagar tryggleiksavvik.

Våre tre hovudoppgåver

Jobben vår er å skaffe alt materiell og alle tenester, støtte Forsvaret i materielldrifta deira og avhende materiell for Forsvaret og andre verksemder i forsvarssektoren. Du kan lese meir om dette her:tte her: