Slik jobbar vi med berekraft
Berekraft handlar om å erkjenne at alt i naturen heng saman, og at handlingane våre har konsekvensar. I Forsvarsmateriell jobbar vi kontinuerleg med å redusere den negative påverknaden vi har på omverda.
Å skape positive endringar som bidreg til å ta vare på planeten vår, er inga enkel oppgåve. Vi treng at alle er med og dreg lasset. Difor er vi opptekne av å setje medarbeidarane våre i sentrum.
Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Dei skal kjenne seg trygge og verdsette. Vi jobbar aktivt med kompetanseheving og opplæring, som er nøkkelen til utvikling både for etaten og for den einskilde medarbeidaren.
Vi arbeider òg aktivt for mangfald, likestilling og ikkje-diskriminering. Eit viktig tiltak i dette arbeidet er å auke delen kvinner i leiarstillingane våre, og vi har som mål å auke kvinneandelen samla sett til minst 40 prosent.
At vi klarer å tiltrekkje oss og halde på dei beste medarbeidarane, er noko av det viktigaste vi gjer for ei berekraftig utvikling av verksemda vår.
Ansvarleg styring
Vi forvaltar betydelege verdiar på vegner av samfunnet og gjennomfører store anskaffingar både nasjonalt og internasjonalt. Ei av ambisjonane våre er difor å vere i front når det gjeld god forretningsskikk. Vi skal ha god styring over dei økonomiske ressursane vi forvaltar, og sikre grunnleggjande krav til menneskerettar, anstendige arbeidsforhold og antikorrupsjon i leverandørkjedene våre.
Redusere negativ klima- og miljøpåverknad
Rundt 80 prosent av den negative klimapåverknaden frå forsvarssektoren er indirekte og kjem mellom anna frå materiellet vi skaffar til sektoren.
Difor jobbar vi aktivt med å styrkje innkjøpsmakta vår og påverke marknaden i ei meir klima- og miljøvennleg retning.
Investeringane vi gjer no, skal fungere i eit samfunn der tilgangen på energi og råvarer kjem til å vere lågare enn i dag. Difor må vi gjere kloke investeringar, leggje til rette for gjenbruk og sirkulærøkonomi og jobbe tett saman med industrien og marknaden for å sikre dei beste løysingane for Forsvaret og for planeten vår.
Klima- og miljøstrategien for forsvarssektoren viser retning for klima- og miljøarbeidet vårt. Vi jobbar tett saman med Forsvaret, Forsvarsbygg og Forsvarets forskingsinstitutt for å nå måla våre.
Dei nye kystvaktfartøya i Jan Mayen-klassen, som vi har skaffa til Forsvaret, er eit døme på godt samarbeid med industrien som har gitt gevinstar både for miljøet og den operative evna.
Fartøya har ei utforming som reduserer motstanden og dermed behovet for drivstoff. I tillegg utnyttar fartøya restvarme og har lågt energiforbruk.
Berekraft må vere ein integrert del av alt vi gjer
Dette er fokusområda våre innan berekraft:
Forsvarsmateriell skal:
- Redusere klima- og miljøavtrykket
- Sikre kompetanseheving og opplæring av dei tilsette
- Sikre eit likestilt og mangfaldig arbeidsmiljø, fritt for diskriminering
- Sikre ansvarlege leverandørkjeder
- Anskaffe materiell som er trygt i bruk og tilpassa behova til brukarane