Etiske retningslinjer og samfunnsansvar
Vårt ansvar er å utruste Forsvaret. Kjerneverdiane våre er: vidsyn, openheit, respekt, ansvar og mot. Verdiane speglar krava og forventningane som omgivnadene har til oss. Forsvarsmateriell skal òg følgje verdigrunnlaget for forsvarssektoren.
I all verksemd skal vi rette oss etter gjeldande lover og forskrifter og opptre på ein etisk, berekraftig og samfunnsansvarleg måte.
For å kunne ivareta samfunnsansvaret vårt stiller vi ei rekkje krav til leverandørane våre. Vi balanserer samfunnsansvar opp mot krava som blir stilte til yting, kvalitet, pris og leveringstid. Vi stiller òg miljøkrav i kvar anskaffing.
Den interne saksbehandlinga og kontakten med leverandørar og samfunnet elles skal vere objektiv, sakleg og etterretteleg. Difor legg vi stor vekt på dei etiske retningslinjene frå Forsvarsdepartementet for kontakt med næringslivet.
Varslingskanalen til Forsvarsmateriell finn du her.
Forsvarsmateriell sitt integritetsrammeverk
Integritetsrammeverket omfattar tiltaka og verkemidla som hjelper oss å sikre ein høg etisk standard i arbeidet vi gjer kvar dag. Rammeverket består av tre hovudkomponentar: verdigrunnlaget vårt, antikorrupsjonsprogrammet vårt og dei etiske retningslinjene for statstenesta.