Våre tre hovudoppgåver

Jobben vår er å skaffe alt materiell og alle tenester, støtte Forsvaret i materielldrifta deira og avhende materiell for Forsvaret og andre verksemder i forsvarssektoren. Du kan lese meir om dette her:tte her:

2013-10-30-antenne-justeres-sambandsbataljonen.Forsvaret

Slik bidreg vi til Noregs forsvarsevne

Forsvarsmateriell har til ei kvar tid meir enn 200 anskaffingsprosjekt i prosess og forvaltar meir enn 450 kontraktar. Kvart prosjekt kan omfatte fleire kontraktar med ulike leverandørar. Ved særleg omfattande og samansette materiellinvesteringar gjennomfører vi fleire relaterte prosjekt parallelt. Desse store investeringane kallar vi program.

Gjennom små og store anskaffingar bidreg Forsvarsmateriell dagleg til å utruste Forsvaret. Dei største prosjekta er ubåt, nye F-35 kampfly, nye kystvaktfartøy, kampvogner, Joint Strike Missile, felles nordisk uniformsløysing og nye helikopter.
Målet vårt er å få meir og betre forsvar for pengane.

Vi samarbeider tett med Forsvaret, andre aktørar i forsvarssektoren (Forsvarets forskningsinstitutt, NSM og Forsvarsbygg) og nasjonale og internasjonale leverandørar for å løyse oppdraget vårt. På denne sida finn du eit utval av prosjekta våre.

Utvalde prosjekt

Nedanfor finn du ei liste over større materiellsatsingar. Klikk på kvar enkelt av dei for å lese meir.

Sjå alle prosjekt