Frå sommarjobb til autonom Sjøbjørn

Fire studentar frå NTNU har denne sommaren fått prøve seg på reelle problemstillingar i Forsvarsmateriell. Gjennom prosjektet «Autonom Sjøbjørn» har dei arbeidd med alt frå leverandørevaluering og 3D-modellering til utvikling av konsept for korleis autonome maritime system kan løyse framtidige oppgåver for Forsvaret.

Frå venstre: Kevin Handal, Kristian L. Holdhus, Maria Tufto Krag og Jakob Mygland. Foto: Forsvaret
Frå venstre: Kevin Handal, Kristian L. Holdhus, Maria Tufto Krag og Jakob Mygland. Foto: Forsvaret

Dei fire studentane studerer marin teknikk ved NTNU og har tilbrakt sommaren hos Teknologi og design maritime kapasitetar på Haakonsvern. Då dei byrja i Forsvarsmateriell (FMA) tidlegare i sommar, venta eit prosjekt med ei tydeleg kopling til den maritime utviklinga i Forsvaret.

Oppgåva deira har vore knytt til prosjektet Autonom Sjøbjørn, som omfattar anskaffing av autonomifunksjonalitet til Sjøbjørn Mk2 og vidare konseptutvikling av plattforma.

Gjennom sommaren har studentane fått arbeide med fleire av dei same problemstillingane og prosessane som møter FMA sine eigne prosjektteam.

– Noko av det kule med ein sommarjobb i FMA er at vi fekk mykje tillit frå start til å jobbe med ekte prosjekt som Forsvaret skal ta i bruk. Det gjorde at vi kjende at arbeidet vårt faktisk hadde betydning, og vi fekk eit unikt innblikk i korleis teknologi og ingeniørarbeid blir brukt til å løyse viktige oppgåver for Forsvaret, fortel studentane.

Frå operative behov til tekniske løysingar

Ein viktig del av prosjektet har vore å forstå kva operative behov teknologien skal bidra til å løyse.

Studentane byrja derfor med å setje seg inn i strategiske og taktiske rapportar om bruk av ubemanna system i forsvarssektoren, mellom anna erfaringar frå krigen i Ukraina. Dei har òg besøkt fleire av fartøya til Sjøforsvaret og relevante fagmiljø for å få betre forståing av korleis ulike maritime kapasitetar opererer.

Gjennom møte med mellom anna fagmiljø innan vakt og sikring, Fregattvåpenet og Korvettvåpenet har studentane kartlagt brukarbehov og operative utfordringar. Kunnskapen har dei teke med seg vidare i arbeidet med konsept for korleis autonome maritime system kan brukast i framtida.

Haakonsvern som arbeidsplass har samstundes gitt studentane opplevingar dei neppe ville fått i ein vanleg sommarjobb.

– Haakonsvern har vore ein spennande og annleis arbeidsplass, der vi har fått mange unike opplevingar. Vi har mellom anna vore på omvising om bord i ubåt, fregatt og korvett, og vi fekk òg prøvekøyre ein Sjøbjørn, båttypen prosjektet vårt handla om.

Tre personer i samtale om bord i en båt
Kevin og Kristian får opplæring om korleis Sjøbjørn fungerer. Foto: Forsvaret

Bidrog i ein reell anskaffingsprosess

Studentane har òg fått innblikk i korleis FMA gjennomfører anskaffingar for Forsvaret. Som ein del av prosjektet har dei utarbeidd evalueringskriterium for leverandørar og delteke i analyse og evaluering av tilbod.

Dei utvikla òg ein strukturert modell for teknisk vurdering og samanlikning av ulike løysingar, og fekk delta i forhandlings- og avklaringsmøte med leverandørar.

– Vi fekk vere med på fleire delar av eit vanleg prosjekt hos FMA og besøkte ulike avdelingar. Undervegs fekk vi mellom anna innblikk i anskaffingsprosessar og prøve oss på kreativt arbeid som teikning og idémyldring. Det gjorde at vi fekk eit godt inntrykk av korleis FMA jobbar og korleis dei ulike fagområda samarbeider.

Det som kanskje overraska dei mest, var kor stor fridom dei fekk til sjølve å forme arbeidet.

– Vi fekk sjølve velje kva konsept vi ønskte å utforske og jobbe vidare med. Denne fridomen gav oss ekstra motivasjon, fordi vi fekk ei kjensle av eigarskap til ideane våre. Det gjorde òg at vi hadde eit sterkt ønske om å gjennomføre dei på best mogleg måte.

Tegning med beskrivelse av droneplattform
Studentane fekk også brukt teikneferdigheitene sine i sommarjobben. Foto: FMA

Bygde Sjøbjørn digitalt

Eit av dei konkrete resultata etter sommarens arbeid er ein digital 3D-modell av Sjøbjørn Mk2.

For å løyse oppgåva måtte studentane raskt byggje opp ny kompetanse. Dei fekk derfor eit intensivkurs i programvara dei trong og arbeidde vidare med mellom anna Rhino og SolidWorks. 3D-printing vart òg brukt for å modellere og teste løysingar.

– På grunn av prosjektet sin natur var det nødvendig å bruke program for å 3D-modellere fartøyet vi jobba med. Derfor fekk vi arrangert eit lynkurs i dei nødvendige programma, og vi er overtydde om at denne kunnskapen vil vere nyttig på vegen vidare.

3D-modellen er eitt av fleire resultat som kan takast med vidare etter at sommarstudentane no er ferdige. I tillegg har dei bidrege med evalueringsgrunnlag og tekniske vurderingar i ein pågåande anskaffingsprosess, og utvikla konsept og idear som kan brukast i det vidare arbeidet med autonome maritime kapasitetar.

Illustrasjon av to varianter av  båter sett ovenfra.
Studentane bygde ein digital 3D-modell av Sjøbjørn Mk2, og fekk opplæring i bruk av Rhino og SolidWorks. Illustrasjon: FMA

Meir enn berre jobb

Sommaropphaldet har òg gitt studentane eit innblikk i arbeidsmiljøet i Maritime kapasitetar. Allereie den første veka vart dei inviterte med på grilling og sommarfest. Seinare har det mellom anna blitt fjelltur, fotballkamp, hyttetur og felles trening.

– Vi opplevde at det var veldig lett å bli kjend med folk på avdelinga. Alle var hyggelege og imøtekomande, og vi kjende oss raskt velkomne. Folk var òg veldig interesserte i oss og alltid villige til å hjelpe og dele kunnskap.

Studentane trekkjer òg fram moglegheita til å bruke treningsfasilitetane på Haakonsvern og ordninga med trening i arbeidstida som positive sider ved sommarjobben.

Etter ein sommar med både teknologiutvikling, operative problemstillingar og innblikk i forsvarssektoren er dei ikkje i tvil om at dei vil tilrå andre studentar å søkje seg til FMA.

– Ein sommarjobb i FMA gir eit heilt unikt innblikk i forsvarssektoren, samstundes som ein får jobbe tett opp mot det sivile næringslivet. Det er òg ei svært spennande tid å vere ein del av forsvarssektoren, med stor satsing på forsvar og mange aktuelle prosjekt. Dette gir mange moglegheiter til å lære, utvikle seg fagleg og bidra til arbeid som faktisk har betydning.

Og ein treng ikkje militær bakgrunn for å passe inn.

– Vi vil tilrå sommarjobb i FMA til alle som ønskjer meir enn ein «vanleg» sommarjobb. Her får ein jobbe med ekte prosjekt som skaper verdi, samstundes som ein bidreg til å styrkje Noregs forsvar. Erfaring frå Forsvaret er heller ikkje eit krav, berre halvparten av oss hadde gjennomført førstegongstenesta før vi byrja.

Fire personer med norske supporterklær  på et kontor