Program Arendalsuka 2026

Her er arrangementa der du kan møte FMA under Arendalsuka i år.

Arendalsuka 2026_1920x1080

Korleis teknologi og industri endrar krigens gang

📅 Tysdag kl. 11.00 på Marcussen Ur & Smykker AS

Direktør Gro Jære deltek i ein samtale om korleis teknologi og industri endrar krigen sin gang, og korleis vi kan innrette oss for å halde tempoet oppe og levere forsvarsevne i ei stadig meir uføreseieleg verd.

Rebalansert langtidsplan for Forsvaret: Etatssjefane sitt bidrag til å styrkje forsvarsevna

📅 Tysdag kl. 12.30 på Arendals Sjømandsforening

Gro Jære deltek saman med dei andre etatsleiarane i forsvarssektoren i ein debatt om deira rolle i å styrkje forsvarsevna opp mot den rebalanserte langtidsplanen.

Industri = beredskap?

📅 Tysdag kl. 14.15 på No1 Sportsbar

Spesialrådgivar Elisabeth Natvig deltek i ein samtale om rolla industrien har i eit beredskapsperspektiv, og kva som skal til for å realisere produksjon i Noreg.

Korleis kan Forsvaret raskt byggje dronekapasitet?

📅 Tysdag kl. 16.00 på Arendals Sjømandsforening

Gro Jære deltek i ein debatt om korleis Forsvaret raskt kan byggje dronekapasitet.

Beredskap er Noregs nye vekstnæring, men kven får vere med?

📅 Onsdag kl. 10.30 på Kirkekjelleren

Gro Jære deltek i ein samtale om korleis Noreg kan gripe moglegheitene innan beredskap som vekstnæring.

Det er krig i Europa, og forsvarsanskaffingar må gå raskare – kva er gjort, og kva kan bli endå betre?

📅 Onsdag kl. 12.30 på Marcussen Ur & Smykker AS

Gro Jære inviterer til samtale om kva som er gjort, og kva som framleis må gjerast for at anskaffing av forsvarsmateriell skal gå raskare, eit arrangement kor den ukrainske ambassadøren til Noreg held ei innleiing. Endre Lunde, leiar for marknadsanalyse, er moderator.

Bensin – mangelvare i oljelandet?

📅 Onsdag kl. 18.00 på Den lille andevinge

Direktør Gro Jære deltek i ein debatt om flydrivstoff og beredskap, samt moglegheita for å produsere berekraftig flydrivstoff i Noreg.