Samarbeider om vidare utvikling av den norske missilfamilien
Ein ny fleirnasjonal avtale set no rammene for den vidare utviklinga av to av dei viktigaste norske våpensystema – NSM og JSM.
Forsvarsmateriell har etablert eit nytt multilateralt rammeverk som vil styrkje samarbeidet mellom nasjonane som nyttar presisjonsmissila Naval Strike Missile (NSM) og Joint Strike Missile (JSM).
Etter at Australia i april som tredje nasjon signerte avtalen, var MoU-en («Memorandum of Understanding») formelt på plass for det som har den engelske fellesnemninga «Strike Missile Family» (SMF).
MoU-en er eit tydeleg prov på eit langsiktig samarbeid og markerer ein viktig milepæl i det internasjonale samarbeidet om NSM og JSM, inkludert det stadig tettare forsvarssamarbeidet mellom Noreg og Australia. Dette er mellom anna synleggjort ved at Australia i snart eitt år har hatt sin første forsvarsliaison i Noreg, med kontorplass hos FMA.
Høgt prioritert
Australia skal det neste tiåret investere opptil 36 milliardar australske dollar, om lag 240 milliardar kroner, i anskaffingar og oppbygging av produksjonskapasitet for langtrekkjande presisjonsvåpen.
Dei australske styresmaktene sørgjer for å etablere produksjons- og vedlikehaldsanlegg for både NSM og JSM i Newcastle i New South Wales, som skal driftast av KONGSBERG Australia.
Australia ser fram til å bli eit regionalt knutepunkt for produksjon og vedlikehald av missil til det australske forsvaret og potensielt òg andre nasjonar frå 2027.
Fem pilarar
Det fleirnasjonale rammeverket legg til rette for samarbeid innan fem hovudområde: brukarsamarbeid og erfaringsutveksling, vedlikehald og støtte i driftsfasen, fellesanskaffingar, teknologisk vidareutvikling samt forsking og utvikling.
– Det er òg viktig for oss å sikre norsk leiarskap i den vidare utviklinga av missilfamilien, understrekar Stian Bendiksen, som leier Internasjonalt programkontor i Forsvarsmateriell.
Eit anna mål med samarbeidet er å halde talet på systemkonfigurasjonar på eit minimum, slik at deltakarane kan oppnå stordriftsfordelar og synergiar på tvers av alle fem områda. Dette skal bidra til å oppfylle ambisjonen om eit relevant system for operative behov.
Som eit døme vil det nye samarbeidet fremje informasjonsutveksling om den operative bruken. Føremålet er å dra nytte av kompetanse og dele erfaringar og lærdomar mellom deltakarane innan operativ testing og evaluering, utdanning, trening og doktrineutvikling.
Missilsystema må vidareutviklast kontinuerleg, og brukarnasjonane vil arbeide saman for å halde dei operative relevante over tid for å møte nye truslar. SMF MoU er eit verktøy for å lukkast med dette.