Land- og felleskapasitetar
Ingeniørar, fagteknikarar, økonomar, prosjektleiarar, juristar og merkantile ekspertar jobbar hos oss. Vi har ansvaret for å planleggje, anskaffe og forvalte landmateriell som bidreg til at styrkane i Hæren og Heimevernet har alt frå panservogner til elektroniske støttesystem som er teknisk godkjende og trygge i bruk. Vi forvaltar òg soldaten sitt grunnleggjande utstyrsbehov, det vil seie utrustinga soldaten ber nærast på kroppen.
Vårt ansvarsområde
Land- og felleskapasitetar leverer mellom anna sanitetsmateriell, verktøy, kjøkkenutstyr, kraftforsyning, telt, veterinærtenester, drivstoff, ammunisjon og eksplosiv. Vi har ansvar for ein brei portefølje av køyretøy, som stridsvogner og feltvogner. I tillegg har verksemdsområdet ansvar for våpen som artilleri, tunge og lette maskingevær, samt simulatorar og elektrooptisk materiell. Mykje av materiellet blir brukt av alle avdelingane i Forsvaret, men dei største brukarane er Hæren og Heimevernet.
Viktige satsingar innan landdomenet
Når Hæren eller Heimevernet skal ha nye stridsvogner eller lastebilar, er det Land- og felleskapasitetar som har ansvar for anskaffinga. Land- og felleskapasitetar anskaffar òg nye kampuniformer, feltstøvlar eller feltrasjonar til Forsvaret. Av og til blir fleire anskaffingar samla i større investeringsprosjekt eller -program.
Arbeidskvardagen i Land- og felleskapasitetar
Ledige stillingar i Land- og felleskapasitetar
Senior teknisk saksbehandler kjemikalier
Overingeniør innen bekledning og utrustning
Overingeniør innen stridskjøretøy
Teknisk saksbehandler kraftforsyning
Teknisk saksbehandler basemateriell
Overingeniør innen elektromedisinsk materiell
Prosjektleder
Vi har samlet ofte stilte spørsmål fra jobbsøkere om blant annet sikkerhetsklarering, krav i stillingsutlysningen og selve søkeprosessen.
– Aldri ein keisam dag
Omar Ilyas er overingeniør og har operativ bakgrunn frå Forsvaret, både i Jegerbataljonen og Telemark bataljon. Han har òg erfaring frå operasjonar i utlandet. Den tidlegare militære erfaringa hans kjem godt med i den noverande jobben i Forsvarsmateriell land- og felleskapasitetar.
– Eg vil seie at vi er ein lærande organisasjon, der vi deler erfaringar for å effektivisere måten vi jobbar på – innan logistikk eller forvaltning av materiell. Å jobbe med denne typen prosjekt gjer òg at arbeidskvardagen min er svært variert, noko eg set stor pris på. Eg kan med handa på hjartet seie at eg i løpet av dei over fem åra eg har jobba her, ikkje har hatt ein einaste keisam dag, seier overingeniør Omar Ilyas med eit smil.