2019-03-22-cv90-sting-kampvogn-vinterovelse-northern-wind-19-sverige-Forsvaret

Kampvognprosjektet

Kampvognprosjektet var den største investeringa Hæren nokon gong har gjort. Dei nye CV90-vognene erstattar Hæren si gamle CV9030-flåte og vil gi Hæren eit betydeleg operativt løft.

cv90-forsvaret
Kampvognene skal brukast av
Hæren

Kampvognprosjektet

Fakta om prosjektet

Prosjektnamn: Prosjekt 5436 – Nye kampvogner til Hæren

Omfang: 144 kampvogner av typen CV90

Prosjektverdi: Ei ramme på drygt 10 mrd. kroner

Prosjektdeltakarar: Forsvarsmateriell og Hæren

Oppdrag gitt: Juni 2012

Ferdigstilling: Innan 2019

Beskriving

I april 2019 mottok Hæren den siste leveransen av CV90-kampvognene sine. Det norske kampvognprosjektet leverte 74 stormpanservogner, 21 oppklaringsvogner, 15 stridsleiingsvogner, 16 stormingeniørvogner og 16 multirollevogner med bergings-, VIP-, transport- og sanitetskapasitet. Dei nye vognene erstattar CV9030-vognene som vart tekne i bruk i Hæren på 1990-talet.

Prosjektet omfatta både ei oppgradering av CV9030-flåten med 103 kampvogner og bygging av 41 heilt nye vogner. Den nye CV90-familien blir levert i fem modellar med ulike eigenskapar.

Hovudkontraktør for leveransen av Hæren sine nye CV90-kampvogner er BAE Systems Hägglunds AB frå Sverige. Vognene er heildigitaliserte, noko som betyr at alt frå ammunisjonslager til motorstatus kan kontrollerast via berøringsskjermar. Dei nye vognene er langt betre verna mot miner, samstundes som dei har svært god fart og mobilitet. Vognene kan operere både under ekstrem kulde og ekstrem varme. Hæren sine nye CV90-kampvogner har like mange IP-adresser som ei mellomstor norsk verksemd.

Prosjektet har òg inngått fleire gjenkjøpsavtalar som gjer at ei rekkje norske industriverksemder er delaktige i prosjektet, mellom anna CHS Nor AS, Ritek AS, Kongsberg Gruppen, Thales Norge AS, Vinghøg AS, T&G Elektro, Norautron AB og Tamek AS.

CV90 stormpanservogn fra Telemark Bataljon kjører på vei i Tolga under Trident Juncture. (Foto: Fredrik Ringnes/Forsvaret)
CV9030 stormpanservogner fra Telemark bataljon øver under øvelse Noble Jump 2019. (Foto: Fredrik Ringnes/Forsvaret)
Panserbataljonens sjefsvogn «Rex» under skarpskytingsøvelsen Thunder Reindeer 2019 i Troms. (Foto: Ole-Sverre Haugli/Forsvaret)

Les om flere av våre prosjekt