Vårt ansvarsområde

Forsvarsmateriell IKT-kapasitetar digitaliserer forsvarssektoren med IKT-løysingar som verkar godt saman. IKT-kategorileiarar har oversikt over produkt og marknader i Noreg og internasjonalt, og legg til rette for best mogleg samarbeid med forsvarsindustrien. IKT-prosjektleiarar samarbeider tett med Forsvarets behovseigarar og fremskaffar robuste og trygge løysingar for større, komplekse investeringsanskaffingar saman med norsk og internasjonal industri. Ingeniørane bidreg til at val innan teknologi og design blir ivaretekne på best mogleg måte. Alle desse rollene samarbeider tett med ei eiga avdeling for kontraktar og innkjøp.

Forsvarsmateriell IKT-kapasitetar samarbeider særleg tett med Cyberforsvaret, som alltid er ein del av prosjekta, og med teama som utviklar og driftar løysingane. Det er òg svært tett samarbeid med alle andre avdelingar i Forsvaret og med andre kapasitetar i Forsvarsmateriell.

IKT-løysingane blir nytta på alle militære nivå – frå hovudkvarter, på køyretøy, fartøy og stridsplattformer – til den einskilde soldaten. Store og komplekse IKT-system skal òg inn i bygg og anlegg, som radaranlegg eller datasenter.

Det er viktig for Forsvarsmateriell å ha eit godt og tett samarbeid med industrien. Difor jobbar vi systematisk med å utvikle relasjonane våre til industrien og inngå strategiske partnarskap der dette er formålstenleg. Slik bidreg vi til at norsk industri blir utvikla og gjort konkurransedyktig internasjonalt. Vi bidreg i bygginga av Forsvarets digitale grunnmur, til å auke Forsvarets kampkraft og til å gjere Noreg meir robust og uthaldande i både det digitale og det fysiske rommet.

Har du spørsmål om å søke jobb hos oss?

Vi har samlet ofte stilte spørsmål fra jobbsøkere om blant annet sikkerhetsklarering, krav i stillingsutlysningen og selve søkeprosessen.

Få svar på praktiske spørsmål

Arbeidskvardagen i IKT-kapasitetar

Hos oss jobbar IT-ingeniørar, juristar og økonomar saman med forsvarsgrenene for å planleggje og anskaffe trygg informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) som utrustar Forsvaret. Lurer du på korleis vi jobbar? Klikk på bileta for eit lite innblikk:

– Det er spennende å jobbe med utviklingen av 4G og 5G. Vi må sørge for at Forsvaret har bunnsolid mobilkommunikasjon som virker under alle omstendigheter, sier radioingeniør Kennet Nomeland.
– Å forske på hvordan vi kan forbedre kommunikasjonsløsningene nord for 81 grader; det kan man bare teste ett sted – i Arktis. Det blir ikke mer gøy enn det, sier sambandsingeniør Vidar Madsen.
Det er store ambisjoner om digitalisering i sektoren. Dette gir et stort potensial for å skape endringer, både i måten vi jobber på, og innen teknologi. Dette er veldig gøy, sier virksomhetsarkitekt Sigrun.

Viktige satsingar innan IKT

2016-05-05-Testdag-svalbard-bredband-forsvarsmateriell

Gjennombrot på isen

Kystvakta opererer stadig lenger nord for å ivareta tilstadever, suverenitetshevding og beredskap.

– Når vi passerer 81° nord, har vi ikkje lenger stabil sambandsdekning. Vi har ikkje internett, telefon eller fjernsyn, for den saks skuld. Vi er, som ein seier: «in the dark», fortel skipssjef på KV Svalbard, Endre Barane.

Les meir om kva som skjer i IKT-kapasitetar